Rein Sognefjord i Hyllestad

Har du rydda boss i veke 37 i samband med Rein Sognefjord 2026 og levert det i containeren i Leirvik eller Sørbøvåg? Vi gjentek suksessen frå i fjor og inviterar born og vaksne til ein sosial og velfortent pizzakveld på Hotel Sognefjord!

 

Dato: 10.september, kl. 16:00-20:00

Har du rydda boss i veke 37 i samband med Rein Sognefjord 2026 og levert det i containeren i Leirvik eller Sørbøvåg? 

Vi gjentar den same suksessen som i fjor og invitere born og vaksne til ein sosial og velfortent pizzakveld på Hotel Sognefjord!

Inngangsbillett: Vis eit bilete som dokumenterer at du har delteke i ryddinga, anten som del av ein organisert aksjon eller på eige initiativ.

Hugs at alt bosset må leverast i utsette container på  Sørbøvåg eller i Leirvik, så innsatsen vert registrert. 

I 2024 vart det registrert at det vart rydda om lag 1,3 tonn avfall. I 2025 auka innsatsen ytterlegare, og det vart rydda og registrert imponerande 4,6 tonn plast i Hyllestad.

I år er siste gongen Rein Sognefjord vert arrangert og finansiert av Framtidshavet, og vi håpar difor på minst like stort engasjement som tidlegare år!

👉 Trykke «skal» på arrangementet vert oppmoda, slik at vi kan berekne riktig mengde mat og redusere matsvinn.

Vel møtt til ei kjekk avslutning på ein viktig innsats, for naturen, fjorden og fellesskapet 💚