Prosjektet Hyllestad Vekst fase 3 «Eit godt liv i distrikta» er godt i gang!

Hovudmålet er å forsterke utviklingsevna til kommunen. Jobbe med å styrke næringsgrunnlaget, bidra til å sikre eksisterande arbeidsplassar og å etablere nye. Arbeide med grunnlag som gjer det attraktivt for etablerte å bli buande, samt til- og tilbakeflytting til kommunen. 

(Bilde frå prosjektgruppemøte nr. 2 der hovudpunkta i prosjektplanen vart godkjende. Vi jobbar vidare med konkrete oppgåver for kvart hovudpunkt)

 

Prosjektgruppa består av:

  • Prosjekteigar: Hyllestad kommune ved ordførar og Kommunedirektør
  • Samfunnsutvikling og teknisk drift: Gaute Lundeland
  • Oppvekst og kultur: Hildegunn Hatlem
  • Næringskoordinator: Laila Johannessen
  • Prosjektleiar: Arlen Solheim 
  • Frivilligsentralen: Julie Einen
  • Grendelaga: Agnete Solheim
  • Hyllestad Næringsråd: Stian Hatlem
  • Visit Fjordkysten: Marita Solheim
  • Akvahub: Christian Vik og Trygve Hallberg
  • Klar bedrift: Veronica Haveland

 

Hovedpunkta i planen er:

  • Rekruttering
  • Bu-attraktivitet
  • Næringsutvikling, klyngeutvikling og samarbeid
  • Frivilligheitsarbeid
  • Kommunikasjonsstrategi - Ein raud tråd gjennom alle hovudmåla.

 

Om de har innspel til arbeidet, er vi alltid opne for det.

Ta kontakt med Arlen på e-post: arlen@arez.no

Eller på telefon 948 19 275