Praktisk berekraft til inspirasjon og nytte som styrker konkurransekrafta!

Det var overskrifta på berekraftkurset som vart arrangert av Hyllestad Vekst tysdag 17. oktober.  Ymsir ved Anne Mette Hjelle og Aud Ingrid Espeland var kurshaldarar.

16 deltakarar fekk betre oversikt over kva berekraft faktisk betyr, korleis jobbe enkelt med dette sjølv og kvifor dette er viktig.

Kurset var forståeleg, «ned på jorda», og bestod av presentasjon, diskusjon og digitale spørsmål. 

Det var ein kjekk og lærerik kveld med stort engasjement og gode diskusjonar. Tilbakemeldingar frå deltakarane var udelt positive!

Tusen takk til alle som deltok og bidrog med stort engasjement til gode diskusjonar, og takk til Hotel Sognefjord for levering av nydeleg pizza!