Nytilsett einingsleiar for helse

Linda Dalsøren Meier, busett i Hyllestad, er tilsett som einingsleiar for helse og byrjar i stillinga den 1. oktober 2024.

 

Linda er ergoterapeut med vidareutdanning innan arbeids-, organisasjons- og personalpsykolog. Ho har åtte års erfaring frå bedriftshelseteneste med fokus på førebyggande arbeid med tanke på fysisk og psykisk arbeidshelse. 

Dei siste 18 åra har ho arbeida ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Fyrst som fagperson i klinikken, frå 2012 som kvalitetsleiar, og no klinikkleiar. 

Linda er grunnleggjande oppteken av tverrfagleg samarbeid og bidrag frå ulike fagområde som verkemiddel for å løyse oppgåvene vi er pålagde og tenestene vi skal yte for pasientar og brukarar. 

 

Vi ynskjer ho hjarteleg velkommen!