Nye Hyllestad skule

Grunnfjell AS er i gang med å sprenge vekk haugen på baksida av skulen.

For å få plass til den nye delen av skulen, måtte “haugen” på baksida av skulen vekk.

Bygget som stod på haugen vart flytta i heilinga av DV avd. i Hyllestad kommune i samarbeid med entreprenør Jonny Helge Atterås. Dette var ein operasjon som krevde kreativitet, kunnskap, presisjon og tålemod. Alt gjekk etter planen og prosjektet var særs vellukka.  

Grunnfjell har no “reinska” haugen og utført sprengingsarbeid, og det som er att no er ei svær steinrøys. Massane frå sprenginga kjem til å verte brukt til andre prosjekt rundt skulen. Det er og starta gravearbeid på området mellom skulen og idrettsbana.

Elles er det fjerna vindauge og ein har starta å rive opp det gamle golvbelegget inne i delen som skal byggast om.