Nye Hyllestad Skule og viktig informasjon frå Vestbygg

Denne veka vart det levert tak- og veggelement til det nye skulebygget.

Arbeid med gangveg mellom skulen og fotballbana. Rune Thorsnes

Ting byrjar å ta form, og denne veka vart det levert tak- og veggelement til den nye skulen. Desse skal etter planen monterast komande veke. 

Med millimeterpresisjon vart det manøvrert ein semi-trailer opp til- og rundt skulen for å få desse på plass. 

Arbeidet med gangveg mellom skulen og fotballbana har og starta. I tillegg har vegen opp til parkering ved Hyllestadhallen fått støypekant,.

  • F.o.m. 28 februar vert leikearealet ved «klatreparken» innskrenka og det vil verte sett opp byggegjerde slik at arbeidet med ny gangveg kan starte. Det vil og bli sikringsgjerde på idrettsbana.
  • Det vil verte open passasje mellom enden av byggjerde og prestegarden. 
  • I slutten av veke 9 og starten av veke 10 vert det noko støyande arbeid med betongsaging. Dag og tidspunkt er væravhengig, og vanskeleg å forutsjå.
  • Medio veke 10 vert det rigging med kranbil, og noko aktivitet på framsida av bygget med transport ut og inn. Aktiviteten kan for nokon vere forstyrrande, vi ber om orsak for det.
  • I veke 10 og 11 vert det ekstra lange dagar på byggeplassen, og noko støy frå handverkty og kranar må påreknast.
  • De vert og arbeid på byggeområdet laurdag den 09 mars og laurdag den 16 mars.

 

Her skal etterkvart tak- og veggelementa på plass. Rolf Hatlem
Semitrailen med element som snirkla seg rundt skulebygget. Rune Thorsnes
Støypekant på plass på vegen til ny parkeringsplass. Rune Thorsnes

God helg!