
Bård skal vere kommuneoverlege både for Hyllestad, Fjaler og Sunnfjord kommunar og har busett seg i Førde med familien sin.
Familien består av kona som startar i ny jobb på Sentralsjukehuset, og to born på 3 og 5 år - og ein engelsk setter.
Bård er utdanna lege frå Universitetet i Bergen, og har ein PhD frå same stad. Han er spesialist i samfunnsmedisin, allmennmedisin og nevrokirurgi.
Ved sida av stillinga som kommuneoverlege har han ei bistilling på Universitetet i Bergen der han underviser nye legar i samfunnsmedisin og leiing, og der er han også tilknytt ei forskingsgruppe.
Den nye kommuneoverlegen vår burde kunne trivast godt i Hyllestad, då han er glad i naturen og er ein ivrig jeger og fiskar.
Familien har ein gard i Luster i Sogn, der dei har budd dei siste åra før dei kom til oss, der dei produserer økologisk eplemost i samarbeid med Balholm. No vert garden helge- og feriestad, utanom når epla skal haustast og eplemosten pressast og tappast.
“Eg ser fram til å bli betre kjent med kommunen og innbyggjarane, førsteinntrykket er at Hyllestad er ein veldriven kommune med mykje kjekke og flinke folk", seier Bård i ein kommentar.