Næringsundersøking 2025 knytt til kommuneplanen

Kva kan næringslivet gjere, kva kan kommunen gjere og kva kan vi gjere i lag for å få til ein positiv næringsutvikling i åra som kjem?

Foto: © Visit Fjordkysten

Hyllestad kommune er i prosessen med å revidere kommuneplanen, og i den samanheng sender vi ut ei næringsundersøking. Svara vert ein del av kunnskapsgrunnlaget for planen og vil bli brukt når den skal behandlast politisk. Vedteken plan og prioriteringar skal vise veg for korleis kommunen skal utvikle seg framover, og innsikt frå næringslivet er ein viktig og nyttig del av dette arbeidet. 

Om undersøkinga

Føremålet er å få innsikt i status, behov og erfaringar hjå verksemdene i kommunen, slik at vi kan avdekke kva som fungerer godt, kva som kan forbetrast, og korleis vi i fellesskap kan oppnå felles mål. Undersøkinga tek for seg fleire sentrale tema, mellom anna:

  • Vekst, utvikling og samarbeid.  
  • Kommunen si rolle og behov for ein kommunedelplan for næring og verdiskaping.
  • Forslag og tiltak for å sikre positiv næringsutvikling i åra som kjem.  


Undersøkinga er anonym og vil vere open i 2 veker f.o.m. 16/10/2025. Siste frist for å svare på undersøkinga er 30/10/2025. 
 

Kva blir resultata brukt til?

Næringsutvikling heng tett saman med verdiskaping. Resultata vil bli brukt i planarbeidet sitt kunnskapsgrunnlag til å utarbeide samfunnsmål. I tillegg, vil resultata frå undersøkinga òg kunne brukast i utarbeidinga av Hyllestad kommune og Hyllestad Næringsråd sin Felles Verdiskapingsplan – som skal reviderast etter kommuneplanen sin samfunnsdel er vedteken.  

Kven og korleis? 

Alle registrerte verksemder i Hyllestad kommune får ein e-post med lenke til undersøkinga. Gjev tilbakemelding til linnea.holsen.meier@hyllestad.kommune.no om verksemda di ikkje har fått tilsendt lenka til undersøkinga innan ovannemnd dato/periode. 

Kvifor digital undersøking? 

Digital undersøking er tids- og ressurseffektiv, samstundes som vi håpar den gjev fleire verksemder moglegheit til å bidra med innspel og innsikt. I tillegg er det enklare å sikre anonymitet, noko som kan føre til meir ærlege og opne svar. Ein digital undersøkinga vil gjere det enklare å ivareta, handtere og analysere dataen som kjem inn.

Resultata frå undersøkinga, etter at dei er analysert, vert publisert på kommunen si heimeside.

Takk for at de bruker tid på å svare på næringsundersøkinga! 

Linnéa Holsen Meier
Næring- og samfunnsutviklar
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 39