Medlemskap i Fjordane Friluftsråd

Kommunestyret vedtok 13.juni at Hyllestad skulle søkje medlemskap i Fjordane Friluftsråd. Hyllestad vart formelt tatt opp som medlem i representantskapsmøtet til Fjordane Friluftsråd den 20.juni. 

Fjordane Friluftsråd sin logo - Klikk for stort bilete

Med det blir Hyllestad den sjuande medlemskommunen i rådet. Frå før er Solund, Bremanger, Askvoll, Kinn, Stad og Stryn medlemskommunar.

Mona Birkeland er valt som styrerepresentant. I tillegg er Anne- Lise Underdal og Anne Marit Løvø valde som representantar i Representantskapen.   Alle med personleg vara.

Fjordane Friluftsråd er ein interkommunal organisasjon som vart starta opp i 2017. Hovudkontoret ligg på Solund Brygge, og Bjarte Engevik er dagleg leiar.

Hovudmålet til Fjordane Friluftsråd er at alle skal få mogelegheita til å drive friluftsliv som ein helsefremjande, trivselsfremjande og miljøvennleg aktivitet.

Det ligg føre planar for å bidra til fjerning av marin forsøpling langs kommunen si strandlinje. I tillegg vil vi starte eit samarbeid for å få til friluftsaktivitetar for barn og unge.

Her kan du lese meir om Fjordane Friluftsråd og Hyllestad sitt medlemskap.