Kvernsteinsprisen 2023 er tildelt Cecilie Løvø Amundsen

Gratulerer så mykje til Cecilie Løvø Amundsen for innsatsen gjennom 20 år.

Ordførar overrekk plakett og bloms - Klikk for stort bileteCecilie Løvø Amundsen får Kvernsteinsprisen 2023 Hyllestad kommune

Nemnda fekk inn fleire gode kandidatar i år, og har landa på ein som fekk fleire nominasjonar og som vi meiner absolutt er ein verdig kandidat til prisen.

Kvernsteinsprisen skal gå til nokon som har utmerka seg med innsats innan nærings- og eller kulturliv over tid.

Den vi har vald har i mange år vore aktiv og deltakande innan idrett og fritid i Hyllestad, og har utmerka seg på mange måtar. For 20 år sidan starta ho opp Friskis & Svettis i Hyllestad, eit fantastisk treningstilbod som er til glede og nytte for innbyggarane våre den dag i dag.

I tillegg til å vere instruktør og eldsjel der, så er kandidaten aktiv i bygdelaget i Lifjorden. Ho stiller opp på dugnad og er kjend for å «gjere det vesle ekstra». Under pandemien sørga ho for at det vart utkøyring av varer frå Spar Hyllestad, der ho jobbar og ho er kjend for god service og eit godt humør.

Det er med stor glede vi tildeler årets Kvernsteinspris til Cecilie Marie Løvø Amundsen.