Indrefjord gard fekk Kvernsteinsprisen 2022

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bileteUtdeling av Kvernsteinsprisen 2022 til Indrefjord gard Rune Thorsnes

Leiar i Kvernsteinsprisnemnda Jan Arvid Støyva (t.v.) og ordførar Kjell Eide (t.h.) delte i dag ut Kvernsteinsprisen 2022 til Indrefjord gard.

Indrefjord gard er driven av ekteparet Ina og Ole Ivar Åm Sognnes, med på biletet er òg dei to døtrene deira Marie og Ingeborg.

 

Gratulerer så mykje med velfortent pris og heider til Indrefjord gard!

Grunngjeving for tildelinga:

Føretaket vart etablert i 2006, og har vore drifta under ulike namn.  Åm Sognnes flytta heim i 2008 og satsa som sjølvstendig næringsdrivande innan anlegg og entreprenørbransjen.  I 2012 vart også mjølk og kjøtproduksjon ein del av næringsgrunnlaget. 

Indrefjord Gard som merkevare såg dagens lys i 2016.  Frå 2019 endra føretaket namn til Indrefjord Gard, og omfattar all næringsaktiviteten deira.

Aktiviteten omfattar også ein del anlegg og anleggsgartnartenester gjennom Bygdeserviceportefølgjen deira.  Bedrifta er godkjent lærebedrift i anlegg og bergfag gjennom OKAB (Opplæringskontoret for anleggs- og byggfag) Sogn og Fjordane.

Indrefjord Gard er godkjent InnPåTunet-tilbydar og Godkjent Hestevirksomhet.

Dei arrangerer "open dag" der publikum kan komme til garden og sjå på drifta, klappe dyra eller ri på hest.  I tillegg tar dei i mot besøk av skuleklassar eller barnehagen.  Bedrifta deltek også med ulike aktivitetar til dømes Kvernsteinsmarknaden.

Bedrifta bidreg positivt til bondemiljøet og lokalsamfunnet med framsnakking og synleggjering av bondeyrket.  Investeringa som er gjort i garden, har bidrege til at fleire i områda rundt har blitt inspirert til å gjere det same.

Ekteparet har synt at ein kan leve av å drive ein gard. Dei har satsa, og dei har skapt ein framtidsretta arbeidsplass med mange moglegheiter for vidare utvikling.

Hest og mann ved dagsturhytta - Klikk for stort bileteHest og mann ved dagsturhytta Hyllestad kommune