Hyllestad kommune/ICDP Norge
ICDP (International Child Development Programme) er eit enkelt, helsefremjande og førebyggjande program som har som mål å styrkje omsorga og oppvekstvilkåra for barn og unge. Programmet rettar seg mot foreldre og andre omsorgspersonar, og byggjer på tanken om at den beste måten å støtte eit barn på, er å styrkje og bevisstgjere dei vaksne rundt barnet.
Gjennom ICDP får foreldrene moglegheit til å reflektere over samspelet med barnet og korleis ein kan fremje tryggleik, utvikling og gode relasjonar. Målet er å styrkje det positive synet på barnet, auke forståinga for kor viktig eit sensitivt og godt samspel er, og bidra til at foreldre og omsorgspersonar kjenner seg trygge og kompetente i rolla si.
Foreldreveiledninga går over åtte vekentlege samlingar på to timar kvar gong. Gruppene vil bestå av 5-6 deltakarar, noko som gir høve til gode samtalar og erfaringsutveksling i eit trygt og støttande fellesskap. Alle deltakarar får deltakarbevis ved avslutta kurs.
Det er eit avgrensa tal plassar, så her gjeld førstemann til mølla-prinsippet!
Påmelding kan sendast på e-post til:
Tetyana.Savchenko@hyllestad.kommune.no
Eller
Kelly.Carina.Da.Silva@hyllestad.kommune.no
Du kan også melde deg på ved å sende SMS til 459 71 598 med namnet ditt og ei melding om at du ønskjer å delta.
Alle påmelde deltakarar vil få tilsendt nærare informasjon om tidspunkt og praktisk gjennomføring av samlingane i god tid før oppstart.
Vi ønskjer deg velkomen til ein lærerikt og inspirerande foreldreveiledning.