Hyllestad Vekst på Sognnes

Vi har vitja endå ei verksemd i Hyllestad, Maskinentreprenør Trond M. Sognnes. Verksemda held til med kontor og lager ved sjøkanten på Sognnes.

Vi fekk ein rundtur på uteområdet, der var ei nydeleg utsikt over fjorden. Når vi kom inn i lagerhallane, vart vi straks imponerte over kor ryddig og velorganisert alt var.

Ingen verktøy låg og slengde rundt – her var det orden! På same måte som ved tidlegare verksemdsbesøk, fekk vi òg denne gongen ein innsiktsfull læring. Vi vart betre kjent med det positive ved dette yrket, samt kva utfordringar det kan innebere. Ikkje minst fekk vi tips om kva vi kan sjekke ut og gripe fatt i.

Det er rolege tider i denne bransjen; det er få eller ingen store vegprosjekt som startar opp i 2024. Kva gjer ein i slike tider lurer vi på? Ein er offensiv, søkjer samarbeid med andre som har meir å tilby, og som kan trenge ekstra hjelpande hender.

Takk for besøket! Vi tar med oss innspela vidare.