Hyllestad Vekst på nye bedriftsbesøk

Før jul var vi så heldige at vi fekk kome på besøk til Hatleberg Bil og T. Stene, og rett over nyttår besøkte vi Bue Salmon og Eviny Solutions.

Besøk på bilverkstad, prosjektgruppe fotografert framfor bil på løftebukk - Klikk for stort bileteChristian Vik, Gjermund Flage og Arlen Solheim frå Hyllestad vekst på bedriftsbesøk hjå Frode Hatleberg og Hatleberg Bil. Arlen Solheim

Det er kjekt og lærerikt å få høyre og sjå korleis kvardagen er for ulike verksemder i kommunen. Vi vart som vanleg godt mottekne!

Kva lærer vi på bedriftsbesøka?

Vi ser at bedriftene i kommunen til tross for at dei er små, er flinke til å jobbe med inkludering og integrering. Bedriftene tek imot lærlingar, folk på arbeidstrening og flyktningar som har språkpraksis.

“Det viktigaste er engasjementet til arbeidstakar, ikkje kor dei kjem frå”

Dette tykkjer vi er eit godt bilete på haldningane vi møter ute i bedriftene.

Hyllestad vekst på bedriftsbesøk hjå Bue Salmon

Det kjem og fram gode forslag til korleis næringslivet i kommunen kan verte endå betre, og kva som er viktig å ha fokus på for å vere rusta for framtida.  

Desse perspektiva er viktige då dei kjem frå ulike auge, og gjer det lettare for oss i vekstprosjektet å setje inn støtet der det er viktigast.

Hyllestad Vekst er glade for alle innspel du har når det gjeld heile samfunnet. Alt som gjer Hyllestad til ein god stad å leve, bu og arbeide!

 

 

Saman kan vi flytte fjell!