Hyllestad Vekst på bedriftsbesøk

Hyllestad Vekst er på besøksreise til bedriftene i kommunen.

Vi besøker bedrifter i Hyllestad!

Prosjektgruppa ynskjer å bistå med det som trengs innan for rammene til prosjektet og er derfor opptatt av kva behov dei ulike verksemdene har.

Vi snakkar om planane til bedriftene, kva som er viktig for bedrifta, kva utfordringar som finst og kva bedrifta eventuelt treng støtte til.

Her kan alle stille spørsmål og fortelje om smått og stort i kvardagen.

Målet er å gjere bedriftene kjent med Vekstprosjektet og kva prosjektet og kommunen kan bistå med, samt at prosjektet og representantar frå kommunen skal få nærare kjennskap til dei ulike bedriftene i Hyllestad.

Så langt har vi besøkt LH Mek., HAFS Elektro, Finio, Havyard Leirvik, YS Elektro.

Takk til bedriftene for god velkomst, hyggelege samtalar og gode innspel.

Vi ser fram til å besøke fleire!

 

Leiing og tilsette på Finio saman med Hyllestad vekst sine representantar - Klikk for stort bileteBedriftsbesøk hos Finio Hyllestad kommune

 

 

 

Tilsette hos YS og Hyllestad vekst - Klikk for stort bileteBedriftsbesøk hos YS Elektro Hyllestad kommune