Høyring – Forskrift om omdisponering av inntil 10% av timane i faga til andre fag i grunnskulen

I følgje opplæringslova §1-6 andre ledd kan kommunar vedta lokal forskrift om at skulane kan omdisponere inntil 10% av timane til andre fag eller særskilde tverrfaglege aktivitetar.

Nærbilde av 2 elevar som skriv med blyant på ark - Klikk for stort bilete Pixabay

Den enkelte skule kan omdisponere inntil 10 prosent av timane i dei enkelte fag slik desse er fastsette i den nasjonale fag – og timefordelinga for 1.-10.trinn. Omdisponeringa skal nyttast for heile klassar eller trinn.

Avgjerdsmyndet i tråd med § 3 i  forskrifta ligg hos rektor på den einskilde skule.

Forskrifta har som formål å auke elevane sitt engasjement, læringsglede og læringsutbytte ved å gje skulane rom for lokale tilpassingar på 1.- 10. trinn.

Skulen vil i periodar ha behov for å kunne omfordele og bruke fagtimar til særskilde aktivitetar. Det kan vere lokale aktivitetar, eller eit meldt behov i ein klasse eller på eit trinn. Ved å ha ei lovfesta forskrift, synleggjerast det at skulen kan omdisponere fag i inntil 10%.

Før forskrifta blir ferdigstilt skal det gis høve til å uttale seg.

Framlegget til forskrift finn de her. (PDF, 308 kB)

Innspel eller merknader merkast med sak 26/438

Og sendast til postmottak@hyllestad.kommune.no

Høyringsfrist: 24.08.2026