Høyring av Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Hyllestad kommune

Hyllestad kommune har valt å lage og legge ut på høyring eit framlegg til lokal forskrift, med siktemål at restlysforsterkande og termiske siktemiddel framleis skal vere lovleg (til hjortejakt) ved jaktstart i 2026.

Hjort i skogholt ser mot kamera - Klikk for stort bilete Pixabay

Landbruks- og matdepartementet fastsette 26.06.2026 endringar i jaktutøvingsforskrifta, sjå https://lovdata.no/LTI/forskrift/2026-06-26-1380. Dette vart gjort på bakgrunn av behov for tilpassingar i forskriftsverket i samband med at den nye Viltressurslova skulle tre i kraft 01.07.2026. I den nye viltressurslova er det lagt inn forbod mot bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt (§ 26). 

Restlysforsterkande og termiske siktemiddel har før dette vore lovleg å nytte på jakt. I Askvoll, Fjaler og Hyllestad kommune har bruk av termiske siktemiddel vorte utbreidd, mellom hjortejegerane, dei seinare åra. Utviklinga av desse siktemidla har gått svært raskt siste åra, med stadig nye og forbetra produkt som resultat. Dette har gjeve jegerar nye moglegheiter med meir effektig jakt, spesielt på dyrkamark der det i stor grad vert nytta. 

I Forhold til utfordringane ein har hatt med beitepress frå hjort på dyrkamark og kommunale mål om å halde hjortebestanden nede så har termiske siktemiddel sliksett vore eit nyttig verktøy. Termiske siktemiddel har også ført til betre moglegheiter for sikker og målretta uttak av dyr.

Ei av endringane i jaktutøvingsforskrifta er at kommunane har fått heimel til å fastsetje forskrift som vidareføre restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt etter hjort i ope terreng (§ 29a., 4. ledd). Heile paragrafen ser ein under.

 

§ 29a.Tillatt bruk av synlig lys og restlysforsterkende og termiske siktemidler

Fastmontert synlig lys kan benyttes for å belyse åte i forbindelse med lisensfellingav jerv. Slik bruk skal rapporteres til statsforvalteren.

Synlig lys kan benyttes ved avliving av vilt som er fanget levende i felle.

Synlig lys og restlysforsterkende og termiske siktemidler kan benyttes ved jakt på villsvin og rødrev når jakten foregår i åpent terreng eller ved åteplass.

For å avverge alvorlig skade på natur- eller samfunnsinteresser som følge av høy bestandstetthet, kan kommunen i forskrift åpne for bruk av restlysforsterkende og termiske siktemidler ved jakt på hjort. Bruken av restlysforsterkende og termiske siktemidler skal avgrenses til jakt i åpent terreng. 

Kommunen skal vurdere behovet for videreføring av en slik forskriftsregel hvert femte år. Kopi av vurderingen skal sendes Landbruksdirektoratet. Jegeren skal rapportere bruk av restlysforsterkende og termiske siktemidler ved felling av hjort i Hjorteviltregisteret.

Synlig lys kan benyttes ved den umiddelbare undersøkelsen av og rundt skuddstedet. Dette gjelder ikke ved kvotejakt og skadefelling av gaupe eller ved felling av jerv, bjørn og ulv med mindre noe annet følger av forskrift eller enkeltvedtak.

Synlig lys og restlysforsterkende og termiske siktemidler kan benyttes ved ettersøk av påskutt hjortevilt, villsvin og rødrev. Jegeren har bevisbyrden for at påskytingen er lovlig, og skal varsle grunneieren, politiet og kommunen om bruken av synlig lys og restlysforsterkende og termiske siktemidler før ettersøket tar til. Dersom varsling i vesentlig grad vil forsinke ettersøket, kan begrunnet melding om slik bruk sendes samme instanser umiddelbart etter avsluttet søk.

Om det skal vere lov å nytte termisk og restlysforsterkande siktemiddel på jakt etter hjort i ope terreng må altså kvar kommune lage lokal forskrift som opnar for dette.

Det er ikkje fastsett nokon overgangsordningar, av departementet, for innføring av endringane som gjeld bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt etter hjort. Askvoll, Fjaler og Hyllestad kommune har difor valt å lage og legge ut til høyring eit framlegg til lokal forskrift, med siktemål at restlysforsterkande og termiske siktemiddel framleis skal vere lovleg (til hjortejakt) ved jaktstart i 2026. Høyringsframlegget finn de som vedlegg. Det er ikkje frå departementets side kome definisjon av «ope terreng».

For å vurdere samordning av lokale forskrifter (om restlysforsterkande og termiske siktemiddel) på tvers av kommunegrenser har framlegget vore drøfta i administrativt fagnettverk for viltforvaltarar, den 02.07.2026. Viltforvaltarane der var einige om at det vil vere tenleg med mest mogeleg like forskriftstekstar mellom kommunane. Dette for at det ikkje skal verte uoversiktleg for jegerar (og jaktrettshavarar) å halde seg orientert om kva regelverk som gjeld. 

Utifrå dette meiner viltforvaltarane at det vil vere tenleg å nytte seg av tekstlege formuleringar som samsvar med dei departementet har nytta i jaktutøvingsforskrifta. Forskriftsteksten, i høyringsframlegget til lokal forskrift, er utarbeidd med dette som utgangspunkt.

Fristen for å gje uttale til framlegget om lokal kommunal forskrift er 07.08.2026. (Dette er dessverre ein noko kortare frist enn vi vanlegvis vil nytte ved høyring av kommunale forskrifter, men for å rekke gjere vedtak før årets hjortejakt tek til 1. september har vi funne det naudsynt). 

 

Her kan du lese høyringsframlegget. (PDF, 47 kB)

Fristen for å gje uttale til framlegget om lokal kommunal forskrift er 07.08.2026.

Innspel sendast til Landbruksavdelinga for Askvoll, Hyllestad og Fjaler.

E-post: postlaf@askvoll.kommune.no