Hels på Linnéa, vår nye næring- og samfunnsutviklar!

Linnéa Holsen Meier er frå 17. juni tilsett som næring- og samfunnsutviklar i Hyllestad kommune.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Linnéa er 26 år og kjem frå Førde/Hyllestad. Ho har bachelorgrad innan organisasjon og leiing frå Emporia State University i Kansas og mastergrad innan shift entreprenørskap og innovasjon frå Universitetet i Agder. Ho har også fullført årsstudium i friluftsliv ved Nord universitet i Bodø.

Linnéa vil få ansvar for kommunen si førstelinjeteneste innan næringsetablering og næringsutvikling, tildeling frå næringsfond og anna næringsarbeid. I tillegg vil ho vere ein viktig del av prosjektgruppa i Hyllestad Vekst, og også bidra inn i andre kommunale utviklingsprosjekt. Ho vil også bidra i overordna planlegging (kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel).

Vi er glade for at du er på plass, og ynskjer deg lukke til!