HAFS barnevernteneste søkjer besøksheimar, fritidskontaktar og tilsynsførarar

Kunne du tenkje deg å vere besøksheim, fritidskontakt eller tilsynsførar? Ta kontakt med HAFS barnevernsteneste for ein uforpliktande prat og meir informasjon.

Besøksheim, kva er det?

Å vere besøksheim inneber å ta imot barn/ungdom éi eller fleire helger i månaden. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak til familiar. Besøksheimen skal ikkje erstatte barnet sin heim, men vere ein ekstra ressurs for barnet.

Fritidskontakt, kva er det?

Å vere fritidskontakt inneber å hjelpe familien med praktisk hjelp. Det kan innebere å følgje barn/ungdomar på fritidsaktivitetar, gå på kafé eller gjere andre aktivitetar i lag med barna/ungdomar. Fritidskontakt er eit frivillig hjelpetiltak til familiar.  

Tilsynsførar, kva er det?

Å vere tilsynsførar innebere å reise på heimebesøk til fosterheimar. Samtale med barna og fosterforeldra om kvardagen til barna. 

Kontakt Hafs barnevernteneste:

Ta kontakt med HAFS barnevernstenesta for ein uforpliktande prat, og meir informasjon.


Malin Frøholm, kontaktperson HAFS barnevernsteneste       
Telefon: 57 73 80 30 / 95 74 52 31          

Rikke Grytøyra, sekretær HAFS barnevernsteneste     

Telefon: 57 73 80 30 / 45 63 71 68