Førehandsrøysting til Stortingsvalet

Frå mandag 11. august og til og med fredag 5. september kan du førehandsrøyste.

Hugs legitimasjon når du skal røyst!

Du kan førehandsrøyste i ekspedisjonen på kommunehuset kvardagar mellom kl. 09.00 og 15.00.

Torsdagar er det høve til førehandsrøysting fram til kl. 19.00.

Assistanse i vallokalet

Om du treng assistanse til å røyste kan valmedarbeidarane hjelpe deg. Du kan sjølv også velge ein annan person enn valmedarbeidar til å hjelpe deg. Alle som hjelper til med røysting har teieplikt.

Hugs gyldig legitimasjon

Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. Møter du opp i vallokalet utan legitimasjon kan du risikere å ikkje få røyste. Døme på gyldig legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, forarkort (også digialt) eller bankkort med bilete.

Ambulerande røysting

Det vert høve til å førehandsrøysta på Hyllestad omsorgssenter Eiklund tirsdag 2. september mellom klokka 10 og 12. Alle har høve til å førehandsrøyste ved ambulerande røysting, også tilsette og innbyggjarar i kommunen.

Røyste heime

Velgarar som på grunn av sjukdom eller uførheit ikkje kan stemme på ein av dei ordinære førehandsrøystestadane, kan søkje om å røyste der dei oppheld seg. Om du til dømes oppheld deg på sjukehus i annan kommune, kan du førehandsrøyste i den kommunen, og røystesetelen din blir vidaresendt til Hyllestad.

Fristen for å søkje om dette er kl. 12 torsdag 4. september.

Valdag

Valdag er mandag 8. september. På sjølve valdagen må du røyste i kommunen du er manntalsført i. Om du ikkje oppheld deg i kommunen du er manntalsført i på valdagen, må du hugse å førehandsrøyste.

 

Les meir om stortings- og sametingsvalet på Valdirektoratet sine nettsider

Les meir om å røyste frå utlandet

Vallokaler og opningstider i alle kommunar

 

Elin Garnes Solås
Kommunalsjef /HR-leiar
Sentraladministrasjonen
E-post
Telefon 57 78 95 04
Mobil 90 50 79 08
Ingvill Ytredal
Økonomi og personalrådgjevar
E-post
Telefon 57 78 95 08
Rune Thorsnes
Konsulent
E-post
Telefon 57 78 95 00
Kjell Eide
Ordførar
E-post
Telefon 57 78 95 05
Mobil 99 27 19 00