Biblioteket er no meirope

No kan du bruke biblioteket kvar dag frå kl. 08.00 til 22.00.

Bokhyller og utlånsautomat i Hyllestad folkebibliotek - Klikk for stort bilete Sigrid Solberg

For å få tilgang må du:

  • ha lånekort
  • inngå avtale med biblioteket
  • få registrert nøkkelbrikke for innlåsing

Tilbodet gjeld frå 15 år (frå og med 10. klasse). Personar under 18 år må ha samtykke frå føresette.

Føresette kan sjølvsagt ta med eigne barn i meiropetida, men har ansvaret for barna og må vere saman med dei under besøket.

 

Lån i meiropetida

Du låner bøker og andre medium på den sjølvbetente utlånsautomaten. Hugs å ta med lånekort og pinkode.

 

Vis omsyn

Biblioteket er eit felles offentleg rom. Hjelp til med å halde det ryddig og vis omsyn til andre brukarar. Det kan vere møte eller arrangement i delar av den meiropne tida.

Treng du hjelp frå bibliotektilsette, ber vi deg kome i bemanna opningstid.

 

Slik får du tilgang

Kom innom biblioteket i bemanna opningstid for å opprette avtale om meirope bibliotek.

 

Bemanna opningstid:

  • Måndag og tysdag: kl. 10.00-15.00
  • Torsdag: kl. 14.00-18.00