Barnehagedagen 2026!

I dag har vi flagga og markert barnehagedagen 2026 i barnehagen! Tema i år er «Rom for alle» og det handlar om fellesskap og inkludering. 

Barnehagen skal vere ein stad for alle. Det handlar om å skape eit inkluderande miljø der borna får delta, og bidra i leik, kvardagsaktivitetar og beslutningar som angår dei sjølve.

Vi starta markeringa med felles musikksamling på Granat, akkompagnert av vår faste gitarist Jørn. Torunn snakka litt om korleis vi kan gjere det slik at alle har det bra i barnehagen. Det kom fleire gode forslag, og det å leike ilag var tydeleg viktig for borna! 

Vi song ulike kjente og kjære barnesongar, og etter samling delte vi oss i 4 grupper på tvers av avdelingane og hadde aktivitetar og frileik ut frå borna sine ynskjer. 

Moro å få besøke andre avdelingar og vere ilag både små og store!

Barnehageansatt Jørn spelar akustisk gitar framfor borna i barnehagen. - Klikk for stort bileteVi starta markeringa med felles musikksamling på Granat, akkompagnert av vår faste gitarist Jørn Britt Marit Børve / Hyllestad barnehage
Norsk flagg ved inngangen til Hyllestad barnehage. - Klikk for stort bileteFlagging for barnehagedagen! Britt Marit Børve / Hyllestad kommune
Togbane av tre på golvet i leikerom i brnehagen - Klikk for stort bilete4 grupper på tvers av avdelingane hadde aktivitetar og frileik ut frå borna sine ynskjer. Bygging av togbane var ein av aktivitetane. Britt Marit Børve / Hyllestad kommune