For Hyllestad barnehage var det naturleg å markere barnehagedagen i Kvernsteinsparken.
Alle avdelingane pakka sekk og spaserte opp i parken. Der vart vi delt inn i 3 grupper. Skifer og Glimmer danna ei gruppe, førskuleungane var ei gruppe og siste gruppa var 3- og 4-åringane.
Det var 3 stasjoner som vi rullerte på.
Stasjon 1: Samlingsstund rundt bålet der museumsleiar Alexander Rauboti hadde med seg ull som barna fekk jobbe med mens han snakka. Han snakka om fjellkjeda og steinsorten som vi har i Hyllestad og barna fekk sjå og kjenne på steinsorten granatglimmerskifer, som også er namnet på tre av avdelingane i barnehagen Granat, Glimmer og Skifer. Siste avdelinga heiter Konglomerat som er steinsorten Lifjellet består av.
Stasjon 2: Leik og moro i parken. Her kunne ungane få leike i området rundt Haugen i parken. Dei hoppa, rulla, klatra, sprang og leika gøymespel.
Stasjon 3: Ungane fekk utdelt ark med ulike teikningar på. Dei skulle fortelje kva dei såg og kva land denne kulturen høyrte til i. I barnehagen har vi ulike kulturar å lære om. Så hadde vi 2 sangleikar, Flaug ein liten blåfugl og ein folkedans frå Libanon som heitte Dabke.
Barna fekk grønsakssuppe med tilbehør, som kokken Gro Sissel varma på bålet.
Ein fin, flott og fantastisk barnehagedag i Hyllestad barnehage.