Årets sesongvaksinasjon i Hyllestad kommune

Hyllestad kommune forventar å ha tatt i mot årets influensavaksine for risikogruppene og koronavaksine (Comirnaty XFG RTU frå Pfizer) til veke 47. Vaksinane kan setjast samtidig. 

Illustrasjonsbilde av vaksine sett i arm - Klikk for stort bilete Pixabay

Kven bør ta vaksine? FHI rådgjev om at:

  • Alle over 65 år - influensavaksine 
  • Alle over 75 år - influensa- og koronavaksine 
  • Vaksne og barn med kronisk sjukdom (vurderast av fastlegen)


Meir informasjon finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider:

 

 

Vaksinasjonstilbod i Hyllestad kommune

Kommunehuset, kommunestyresalen i 3.etasje

Her kan du få influensa- og/eller koronavaksine.

 

Vaksinasjonsdagar:

  • Tysdag 17. november kl. 10.00 - 13.00
  • Tysdag 24. november kl. 10:00 - 13.00

Pris

  • Influensavaksine, kr. 308,- 
  • Koronavaksine, kr. 110,- 
  • Samvaksinering influensa og korona, kr 393,- 

     

Betaling gjer du i resepsjonen på legekontoret i 1.etasje etter vaksinering.

 

Kan du ikkje møte til dei oppsette tidene, ta kontakt med Hyllestad legekontor på telefon nummer 57 78 95 20 etter at oppsette vaksinasjonsdagar er gjennomført.

 

Fødd i 1961?

Pneumokokkvaksina Prevenar 20 vart frå 2025 ein del av vaksinasjonsprogrammet. Alle fødde i 1961 får tilbod om denne til redusert pris kr. 110,-. Ta kontakt med legekontoret om aktuelt. 

Andre aldersgrupper som treng pneumokokkvaksine kan bestille via eigen fastlege.