Årets sesongvaksinasjon i Hyllestad kommune

Hyllestad kommune har motteke årets influensavaksine for risikogruppene og den oppdaterte koronavaksina Comirnaty Omicron LP.8.1 frå Pfizer. Vaksinene kan setjast samtidig. 

Kven bør ta vaksine? FHI rådhjev om at:

  • Alle over 65 år- influensavaksine 
  • Alle over 75 år - influensa- og koronavaksine. 
  • Vaksne og barn med kronisk sjukdom (må vurderast av fastlegen)


Meir informasjon finn du på Folkehelseinstituttet sine nettsider:

Nytt i år!

Pneumokokkvaksina Prevenar 20 er no ein del av vaksinasjonsprogrammet. Alle fødde i 1960 får tilbod om denne til redusert pris.  Andre aldersgrupper som treng pneumokokkvaksine kan bestille via eigen fastlege.

 

Vaksinasjonstilbod i Hyllestad kommune:

Kommunehuset, kommunestyresalen i 3.etasje

Her kan du få korona, Prevenar20 og influensavaksine.

Vaksinasjonsdagar:

  • Tysdag 4. november kl. 10:00-13.30
  • Tysdag 11. november kl. 10:00-13.00

 

Kan du ikkje møte til desse tidene, ta kontakt med Hyllestad legekontor på telefon nummer 57 78 95 20 etter at oppsette vaksinasjonsdagar er gjennomført.

Pris:

  • Koronavaksine:                                        110 kroner
  • Influensavaksine:                                     301 kroner
  • Samvaksinering influensa og korona:  386 kroner
  • Previnar 20 (kun for dei født i 1960):   110 kroner

 

Fastlege:

Dersom du har time hos fastlegen i aktuell periode (og er risikopasient), kan du få influensavaksine ved denne konsultasjonen.