Arbeid på Staurdal bru på Fv 57

Frå og med veke 19 vil det bli arbeid på Staurdal bru. Arbeidet vil vare i ca 3 veker og det kan forkomme korte stengetider.

Det blir etablert nytt betongrekkverk på bru og i forlengelsen av bru. Samtidig vil det bli utført noko mekanisk reperasjon av betongskadar på landkar og bruplate. Det vert drenert under betongrekkverket, og lagt ned ein 300mm drens på nedstraums side fra akse 2 mot Dale. 

På oppstraums side langs vegen fra akse 2 mot Dale, går det ein bekk kloss i vegen. For at vi skal få plass til betongrekkverket, må ein legge denne bekken i røyr et stykke. Vi vil bruke et 800mm røyr, som er det same som er brukt på andre siden av vegen.