16. oktober er refleksdagen

Hausten er her og det vert mørkare for kvar dag som går. Å gjere oss synlege når vi ferdast ute langs vegane er viktig.

Barn med gul regnjakke og oransje refleksvest, med ryggen til. - Klikk for stort bilete Britt Marit Børve

Som del av at Hyllestad kommune er trafikksikker kommune fekk vi i vår tilskot av Vestland fylkeskommune til trafikktryggleiksaktivitetar. Hyllestad skule og Hyllestad barnehage fekk difor nye refleksvestar med Hyllestadsamfunnet sin logo på.

Elevar ved Hyllestad skule med gule refleksvestar mot bakgrunn Lihesten i nydeleg haustver. - Klikk for stort bilete Eirin Borlaug

 

    Bruk refleks!