Veg og trafikktryggleik

Hyllestad kommune vil vere ein trafikksikker kommune. Oppdagar du feil eller manglar på dei kommunale vegane, eller er bekymra for trafikktryggleiken i kommunen, vil vi gjerne at du tek kontakt med oss.

Feil og manglar på dei kommunale vegane

Oppdagar du feil eller manglar på dei kommunale vegane våre, ta kontakt.

Kontakttelefonar

  • I ordinær arbeidstid (7.30-15.00), drift- og vedlikehaldsleiar Kåre Olav Hatlebrekke, telefon 913 56 149
  • På kveldstid på vekedagar, drift- og vedlikehaldsavdelinga sin vakttelefon 900 76 0320
  • I helg og høgtid må du kontakte teknisk vakt (brannvakt) på telefon 901 47 910

Adresser og vegnamn

Treng du informasjon om adresser, vegnamn og om det er kommunal eller fylkeskommmunal veg, så finn du dette på Vegkart

Trafikktryggleik

Hyllestad kommune har som mål å vere ein trafikksikker kommune, men det betyr ikkje at det ikkje lenger vil skje trafikkulykker.  Å bli godkjent som ein trafikksikker kommune er eit kvalitetsstempel for godt, målbevisst og samordna arbeid om trafikktryggleik.

Kommunen sin trafikktryggingsplan skal rullerast årleg. Det er då mogleg å prioritere tiltak opp eller ned, samt ta inn nye tiltak.

Meld inn nye sikkerheitstiltak


Du som innbyggjar kan melde inn nye tryggleiksstiltak til kommunen, anten som enkeltperson, gjennom FAU på skulen eller i barnehagen, eller gjennom grendalaget.

Frist for innmelding av nye tiltak er 15. september kvart år.

Send inn tiltaket, saman med grunngjeving kvifor det skal prioriterast, til:

Hyllestad kommune
Lifjordvegen 7
6957 Hyllestad

eller

e-post til postmottak@hyllestad.kommune.no

Planar og lenker

Kåre Olav Hatlebrekke
Drift- og vedlikehaldsleiar
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Mobil 91 35 61 49