Brøyting av kommunale vegar

Kommunen har ansvar for brøyting av dei kommunale vegane.

Når brøytar vi?

Etter reglane skal det vere brøyta innan klokka 7 om morgonen.  

Brøyteinstruks

Brøyteinstruks
Type snø Djupne
Ved kram snø Ved 4 cm djupne og seinast ved 8 cm
Ved tørr snø Ved 8 cm og seinast ved 12 cm

Brøyting av kommunale vegar

Brøyting av kommunale vegar og plassar for sesongen 2023/2024 er inndelt i ulike roder:


Om det er spørsmål eller andre henvendingar, ta kontakt via kommunen sitt sentralbord på telefon 577 89 500 eller drift- og vedlikehald sin vakttelefon 900 76 320 eller DV-leiar Kåre O. Hatlebrekke på telefon 913 51 149

Brøyting av private vegar

Ønskjer du brøyting av private vegar, send ei skriftleg melding til kommunen.

Pris for brøyting av privat veg:

  • Veg inntil 250 meter - kr 4.000 per år
  • Veg 251 - 600 meter - kr 5.000 per år
  • Veg frå 601 meter - kr 6.200 per år

Oppsetting av snøstikker

Private som har avtale om brøyting har sjølv plikt til å sette opp snøstikker, og må hugse å sette opp desse i god tid før snøen kjem.  Treng du snøstikker, kan du få låne dette gratis mot at du hentar dei sjølv.

Kontaktperson:  Drift- og vedlikehaldsleiar Kåre Olav Hatlebrekke.

Strøsand

Kommunen har nokre sandkassar plassert rundt om i kommunen, der det er mogleg å hente ut litt sand for å strø når det er holkeføre.  Du vil finne strøsand med litt grovsalt i på følgjande stader:

  • Småbåthamna på Sørbøvåg
  • Skor v/Holten bru
  • Gamleskulen på Åfjorddalen
  • Myregjerdet
     

Hugs å sko bilen etter køyreforholda - og køyr forsiktig!

Kåre Olav Hatlebrekke
Drift- og vedlikehaldsleiar
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Mobil 91 35 61 49