Når brøytar vi?
Etter reglane skal det vere brøyta innan klokka 7 om morgonen.
Brøyting av kommunale vegar
Brøyting av kommunale vegar og plassar for perioden 01.11.2023 - 01.04.2028 er inndelt i ulike roder:
Om det er spørsmål eller andre henvendingar, ta kontakt via kommunen sitt sentralbord på telefon 577 89 500 eller drift- og vedlikehald sin vakttelefon 900 76 320 eller DV-leiar Kåre O. Hatlebrekke på telefon 913 51 149.
Brøyting av private vegar
Ønskjer du brøyting av private vegar, send ei skriftleg melding til kommunen.
Pris for brøyting av privat veg:
F.eks. har du ein privat veg på 200 m må du betale 200 m x 27,09 kr/m = 5418 kr/år
Oppsetting av snøstikker
Private som har avtale om brøyting har sjølv plikt til å sette opp snøstikker, og må hugse å sette opp desse i god tid før snøen kjem. Treng du snøstikker, kan du få låne dette gratis mot at du hentar dei sjølv.
Kontaktperson: Drift- og vedlikehaldsleiar Simen Solheim
Strøsand
Kommunen har nokre sandkassar plassert rundt om i kommunen, der det er mogleg å hente ut litt sand for å strø når det er holkeføre. Du vil finne strøsand med litt grovsalt i på følgjande stader:
- Småbåthamna på Sørbøvåg
- Skor v/Holten bru
- Gamleskulen på Åfjorddalen
- Myregjerdet
NB! Strøsand skal hentast i bøtter eller baljer. Det er ikkje tillate å hente sand i traktorskuffe.
Hugs å sko bilen etter køyreforholda - og køyr forsiktig!