Septiktank

Det er Norva24 Birkeland som utfører tømming av septiktankar i Hyllestad kommune.

Ta kontakt direkte med dei om du treng ekstratømming utanom oppsett tidsplan.

Norva24 Birkeland

Meir informasjon om slamtømming finn du på nettsida til Norva24 Miljøservice

Pris og betaling

Sunnfjord Miljøverk (SUM) har ansvar for faktureringa av renovasjonsgebyret samt gebyret for private septiktankar/minireinseanlegg/slam. Dei som er tilknytt kommunalt kloakkanlegg vil framleis få faktura frå kommunen. 

  • De får eigen faktura for renovasjon og eventuelt slam direkte frå SUM
  • Dersom de har spørsmål til faktura kontakt SUM
  • Du finn meir informasjon på Sunnfjord Miljøverk IKS si heimside

Kontaktinformasjon til Sunnfjord Miljøverk

E-post: post@sum.sf.no

Telefon: 57 72 41 50

Forureining

Eigaren av septiktanken med reinseanlegg (spreiegrøft, dome eller tilsvarande) er ansvarleg for at anlegget fungerar som tenkt og at det ikkje fører til forureining. Eigar må føre kontroll med anlegget og reparere det om det blir oppdaga feil.

Simen Solheim
VVA-ingeniør
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 35