Drikkevatn og vassverk

Drikkevatnet i Hyllestad har god kvalitet og er trygt å drikke, med mindre vi melder om noko anna.

Akutt problem med vassforsyning

Ta kontakt med teknisk vakttelefon om du opplever akutt problem med vassforsyninga.

Teknisk vakt, Hyllestad kommune:

91356149 (dagtid)

90076320 (utanom dagtid)

90147910 (helg)

Varsling om endring i vassforsyninga

Vi informerar via heimesida vår og varslar på SMS til dei som vert direkte berørt ved følgjande hendingar:

  • Når vi stenger vatnet grunna vedlikehald og lekkasjar
  • Om vasstrykket vert endra.
  • Ved koketilråding av drikkevatnet.

Kokevarsel

Er det endring i kvalitet på drikkevatnet ved kommunale vassverk vil dei som er råka få varsel om dette. 

Vi varslar på nytt når kokevarsel er oppheva.

Les meir om kva du bør gjere om du får kokevarsel frå kommunen på FHI sine heimesider.

Mjukt eller hardt vatn?

Klassifisering på vatn er delt inn slik:

  • Meget bløtt vatn: 0-2,1 dH
  • Bløtt vatn: 2,1-4,9 dH
  • Middels hardt vatn: 4,9-9,8 dH
  • Hardt vatn: 9,8< dH

Dei kommunale vassverka i Hyllestad kommune har slike målingar:

  • Sørbøvåg vassverk:
  • Hyllestad vassverk:
  • Eidsnes vassverk:
  • Bøfjorden vassverk:
Simen Solheim
VVA-ingeniør
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 35
Kåre Olav Hatlebrekke
Drift- og vedlikehaldsleiar
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Mobil 91 35 61 49