Bygg og bu i Hyllestad

«Bygg og bu i Hyllestad» er kommunen sitt bustadprosjekt. 

Korleis kan vi sikre at fleire finn ein eigna stad å bu i Hyllestad? Kva bustader treng vi i framtida? Og korleis kan vi gjere det enklare å flytte til og bli verande i kommunen?

Dette er nokre av spørsmåla prosjektet Bygg og bu i Hyllestad skal arbeide med det neste året. Målet er å utvikle ein heilskapleg bustadplan som gjev retning for kommunen sitt arbeid med bustadutvikling, tilflytting og attraktive lokalsamfunn.

Prosjektet byggjer vidare på forarbeid i omstillingsprosjektet Hyllestad vekst (2020–2026) og har fått 900 000 kroner i støtte frå Husbanken. Målet er å skaffe kunnskap om kva som kan bidra til fleire eigna bustader og ein meir aktiv bustadmarknad i Hyllestad. Kunnskapen skal danne grunnlag for ein eigen temaplan for bustadutvikling.

Kvifor gjer vi dette?

Hyllestad står, som mange andre distriktskommunar, overfor utfordringar knytt til bustader, busetting og rekruttering av arbeidskraft. Tilgang til eigna bustader er viktig både for innbyggjarar som allereie bur her og for dei som ynskjer å flytte hit.

Prosjektet skal gje kommunen eit betre kunnskapsgrunnlag om

  • Kva bustadbehov som finst i dag?
  • Kva bustadbehov vi vil få i framtida?
  • Korleis vi kan leggje til rette for fleire bustadløysingar?
  • Korleis vi kan gjere det enklare å flytte til og etablere seg i Hyllestad?

Målet med prosjektet

Prosjektet skal først og fremst samle kunnskap, kartleggje behov og vurdere moglege løysingar. Det betyr at arbeidet i denne fasen handlar om analyse, dialog og utvikling av forslag.
Sjølv om prosjektet kan identifisere aktuelle tiltak og moglegheiter undervegs, inneber ikkje dette at tiltak automatisk vert gjennomførte. Eventuelle framtidige investeringar og prosjekt må vurderast og prioriterast politisk på eit seinare tidspunkt. 

Korleis arbeider vi?

Prosjektet er organisert i fire arbeidsgrupper som ser på ulike delar av bustad- og tilflyttingsarbeidet. Kunnskapen frå alle gruppene vert samla og brukt i arbeidet med den endelege bustadplanen.

  1. Bustadrådgjeving: Sjå på behov og utfordringar knytte til bustad for eldre og andre innbyggjarar som kan ha behov for rettleiing eller tilrettelegging.
  2. Bustadkonsept: Ser på kva slags bustadløysingar som kan vere aktuelle for Hyllestad, og korleis desse kan utviklast i samarbeid med ulike aktørar.
  3. Integrering og informasjon: Undersøke korleis ein kan gjere det enkelt å flytte til, finne seg til rette i og bli buande i Hyllestad. 
  4. Behov og plan: Samlar kunnskapen frå dei andre arbeidsområda og utarbeider eit samla kunnskapsgrunnlag og heilskapleg bustadplan for Hyllestad.

Tidsplan

2026-2027
•    Kartlegging, analyse og utvikling av forslag
•    Arbeid i arbeidsgruppene
•    Utarbeiding av bustadplan

Etter 2027
•    Politisk handsaming
•    Vurdering og prioritering av aktuelle tiltak
•    Vidare oppfølging gjennom kommunen sitt planarbeid

Distriktssatsing i Vest: Ein del av ei større satsing 

Hyllestad kommune er ein av fleire distriktskommunar som deltek i Distriktssatsing i Vest, eit samarbeid mellom Husbanken, Distriktssenteret, Statsforvaltaren i Vestland, KS Vestland og Vestland fylkeskommune. Satsinga varer fram til 2030 og skal bidra til betre bustadtilbod og ein meir velfungerande bustadmarknad i distriktskommunane.

Gjennom satsinga får kommunen tilgang til kompetanse, rettleiing og støtte som skal styrkje arbeidet med bustadutvikling, samfunnsutvikling og planlegging. Arbeidet vert tilpassa utfordringane og behova i Hyllestad, og skal sjåast i samanheng med kommunen sitt øvrige utviklingsarbeid.

Satsinga byggjer på nokre sentrale prinsipp:
•    Sjå bustadutvikling, næringsutvikling og lokalsamfunn i samanheng.
•    Samordne kompetanse og verkemiddel frå ulike offentlege aktørar.
•    Styrkje kommunen si evne til å planleggje og gjennomføre utviklingsarbeid.
•    Leggje til rette for læring og erfaringsdeling mellom distriktskommunar.

Prosjektet Bygg og bu i Hyllestad er ein del av denne satsinga og skal bidra til å gi kommunen eit betre kunnskapsgrunnlag for framtidig bustadutvikling og tilflytting. 
 

Linnéa Holsen Meier
Næring- og samfunnsutviklar
Samfunnsutvikling og teknisk drift
Telefon 57 78 95 39