Kommuneplan samfunnsdel for Hyllestad 2018 – 2030

Kommuneplanen set overordna mål for utviklinga av Hyllestad kommune som samfunn og som organisasjon, og legg grunnlag for all planlegging i kommunen. Ein kommuneplan består av to hovuddelar: Ein samfunnsdel med handlingsdel og ein arealdel.

  1. Samfunnsdelen tar stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar i kommunen. Handlingsdelen fastset korleis planen skal følgast opp, gjennom tiltak, dei fire påfølgande åra eller meir, og skal reviderast årleg. Økonomiplanen etter kommunelova § 44 kan inngå i handlingsdelen.
     
  2. Arealdelen skal, gjennom arealbruk, reflektere og følgje opp målsettingane i samfunnsdelen.

Kommuneplanen er det overordna styringsdokumentet for ei ønska samfunnsutvikling i Hyllestad. Formålet med planen er at den skal ta i vare både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver. Utarbeidd samfunnsdel legg grunnlag for vidare planar og tiltak i kommunen.

Revisjon av samfunnsdelen 2025

Hyllestad kommune er i gang med å revidere samfunnsdelen til kommuneplanen. 7. november 2024 vedtok Kommunestyret Planstrategi for 2024 – 2027 og Planprogrammet for kommuneplanen sin samfunnsdel 2025 – 2035. Planstrategien omfattar ei drøfting av kommunens strategiske val for den ønska samfunnsutviklinga.

Hyllestad kommune sin samfunnsdel vart vedteken i 2018 og har ikkje blitt revidert sidan då. Arealdelen har vore under arbeid sidan 2019. Samfunnsdelen legg eit viktig grunnlag for val og prioriteringar inn mot arealdelen.

Gjeldande samfunnsdel

Her kan du lese Kommuneplan samfunnsdel for Hyllestad 2018 – 2030. (PDF, 989 kB)

Her kan du lese om planstrategi og planprogram til kommuneplanen sin samfunnsdel.

Linnéa Holsen Meier
Næring- og samfunnsutviklar
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 39
Gaute Lundeland
Kommunalsjef
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Telefon 57 78 95 29