Kunnskapsgrunnlag gjev ei samla oversikt over status, utviklingstrekk, utfordringar og moglegheiter i Hyllestad. Det byggjer på statistikk, analysar, innspel frå medverknadsprosessar og annan relevant kunnskap om kommunen.
Kunnskapsgrunnlaget skal bidra til å skape ei felles forståing av situasjonen i kommunen og peike på viktige tema for framtidig utvikling. Det er eit sentralt grunnlag for å identifisere utfordringar, vurdere moglegheiter og prioritere mål og satsingsområde i planarbeidet.
Planstrategi 2024 - 2027 og planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel
Planstrategien og planprogrammet gir ei oversikt over utviklingstrekk, utfordringar og planbehov i kommunen. Dokumentet skildrar også formålet med revisjonen av kommuneplanen sin samfunnsdel, planprosessen og opplegget for medverknad.
Kommunal planstrategi 2024 - 2027 og Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel 2025 - 2035.pdf (PDF, 2 MB)
Folkehelseoversikta
Folkehelseoversikta er ein del av kunnskapsgrunnlaget kapittel 3 for kommunen sitt planarbeid. Dette inneber mellom anna innsikt i befolkningsutvikling, levekår, helse, oppvekstvilkår og faktorar som påverkar livskvalitet og deltaking i samfunnet.
Folkehelseprofil 2024 Hyllestad kommune.pdf (PDF, 2 MB)
Oppvekstprofil - 2024 Hyllestad kommune.pdf (PDF, 2 MB)
Heilskapleg kunnskapsgrunnlag
Kommunen har utarbeidd eit felles kunnskapsgrunnlag som er brukt som bakgrunn for planarbeid i kommunen og gir eit samla situasjonsbilete.
KUNNSKAPSGRUNNLAG 2026-2036.pdf (PDF, 3 MB)
Andre relevante saksdokument.
Saksdokument