Næringsutvikling

Hyllestad kommune har eit sterkt samarbeid med Hyllestad Næringsråd (HNR), og det meste av arbeidet vi utfører er forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel «Verdiskapingskapittelet»

Mål og strategi for næringsutvikling i Hyllestad

Basert på mål og strategi gjennomfører vi handlingar og aktivitetar på område der Hyllestad er gode, der vi har vekstmoglegheiter og der vi bør styrke oss. Med å ha fokus på, og å få dei rette menneska med, finn vi eigarskap til løysingar og får gjort noko med det.

Fokusområde 2021 - 2024

  • Utvikle havbruk og tilhøyrande verdikjede
  • Utvikle reiseliv
  • Dyrke, pleie og legge til rette for «levebrødsbedrifter» - dei som ikkje har ambisjonar om å vekse, men som er viktige etablerte lokale arbeidsplassar. (Butikkar, varehandel, byggefirma, helse-og velvære, landbruk, kunst/design osv.)
  • Utvikle buattraktivitet
  • Påverke og utvikle samferdsle/infrastruktur
  • Jobbe aktivt med samfunns- og næringsutviklingsprosjekt som støttar opp om strategiene
  • Vere ei god førstlinje for dei som vil etablere eller utvikle bedrift

På tvers av alle satsingane skal vi ha fokus grøn næringsutvikling, innovative og inkluderande samfunn, og areal til næringsutvikling. Målet er heile tida å sikre verdiskaping, arbeidskraft og arbeidsplassar og vere litt i forkant på endringar vi ser vil komme.

Næringskontor

  • Har du gode idear eller prosjekt som kan gje arbeidsplassar, vekst og utvikling for Hyllestad kommune?
  • Eller kanskje du ønskjer rådgjeving, tilgang på nettverk og kompetanse, hjelp til å bli synleg, søkje om fondsmidlar eller bli meir kjent med det offentlege verkemiddelapparatet?

Ta gjerne kontakt for ein hyggeleg prat!

Kontakt

Besøk oss gjerne på næringskontoret i Eidsnesvegen 7, 6953 Leirvik i Sogn.

Laila Johannessen
Næringskoordinator
Samfunnsutvikling og teknisk drift
E-post
Mobil 95 22 48 46