Hyllestad kommune har utfordringar når det gjeld nedgang i folketal og arbeidsplassar og eit einsidig næringsliv. Spesielt ser kommunen det som viktig å stanse og reversere utflytting, samt arbeide med grunnlag som gjer det attraktivt for tilflytting og tilbakeflytting.
Vidare skal ein arbeide med tiltak på tvers av næringsliv, samfunn og kommunale teneste, og forsterke utviklingsevna i dei fire satsingsområda (Havbruk, elektro, reiseliv, landbruk) og utnytte moglegheitene som ligg i eksisterande handlingsrom.
Hyllestad Vekst skal legge til rette for styrking av næringsliv og busetting i Hyllestad. Bruken av midlane skal spegle mål, strategi, tiltak og handling i prosjektplan: Hyllestad Vekst 2023-2026 «Eit godt liv i distrikta» og elles ha støtte i overordna styringsverktøy, kommuneplan og økonomiplan når det er aktuelt.
Retningslinjer for Hyllestad Vekst - Fase 3 (PDF, 344 kB)
Dei kommunale fonda er eit verkemiddel i arbeidet for å styrke næringsliv og busetting i Hyllestad. Skjema er generelt og de må sjølv vurdere kva som er relevant for å synleggjere behovet og gjennomføringsevna.
Søknadsskjema for tiltaksmidlar frå Hyllestad Vekst eller Hyllestadfondet (PDF, 140 kB)
Kontakt:
Arlen Solheim
E-post: Arlen.Birte.Solheim@hyllestad.kommune.no
Telefon: 94819275