Skjenkeløyve for alkohol

Alle som driv ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol, må søke om skjenkeløyve. 

Når treng du skjenkeløyve?


Alle som driv ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol må søke om skjenkeløyve. Skjenkeløyve gjeld vanlegvis i fire år.  Nyetableringar må søkje om skjenkeløyve før oppstart av verksemd.

Søknad om skjenkeløyve må vere skriftleg og skal opp til politisk handsaming.

Korleis få skjenkeløyve?

  • Styrar og varastyrar må ha bestått kunnskapsprøve i alkohollova for å kunne søke om skjenkeløyve.
  • Dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve.
  • Styrar og varastyrar må vere over 20 år.
  • Styrar og varastyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling.
  • Skjenkeløyve krev uklanderleg vandel.

 
Skriftleg søknad sender du til Hyllestad kommune, 6957 Hyllestad.

  • Treng du hjelp med søknad, ta kontakt med kommunen.

 

Alkoholpolitikk i Hyllestad kommune

Les om Hyllestad kommune sin rusmiddelpolitiske handlingsplan.

Les om politisk avgjerd om skjenkeløyve i Hyllestad 2020 - 2024.

Hyllestad er "Av-og-til" kommune, her kan du lese om kva det betyr.

Rune Thorsnes
Konsulent
E-post
Telefon 57 78 95 00