Skjenkeløyve enkeltarrangement eller private selskap

Dersom du ynskjer å skjenke alkohol mot betaling i eit selskap må du søke om skjenkeløyve. Det er ulike skjenkeløyve for opne og lukka arrangement. 

Ambulerande skjenkeløyve

Dersom du skal servere alkohol mot betaling i eit lukka selskap som til dømes bursdag, bryllaup, jubileum eller firmaarrangement, må du søke om eit ambulerande skjenkeløyve.

Skjenkeløyve for eit enkelt høve

Dersom du skal ha eit arrangement som er ope for publikum i eit lokale utan skjenkeløyve, eller utandørs på eit avgrensa område, må du søke om skjenkeløyve for eit enkelt høve.

Du treng ikkje å søke om skjenkeløyve om du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkohol, eller du serverer alkohol utan å ta betaling. 

Krav til søkjar

  • Du som søker om løyve må ha fylt 20 år.
  • Du må oppgje kven som er ansvarleg for skjenking, skjenkeansvarleg må ha fylt 20 år.

Korleis søke og kva kostar det?

  • Her kan du søkje digitalt
  • Skriftleg søknad sender du til Hyllestad kommune, 6957 Hyllestad. Treng du hjelp med søknad, ta kontakt med kommunen.
  • Avgift til kommunen er kr 400,- pr. søknad

Lover og forskrifter

Her finn du alkohollova
Her finn du alkoholforskrifta

Rune Thorsnes
Konsulent
E-post
Telefon 57 78 95 00