Severingsløyve

Alle som vil drive ein serveringsstad skal ha serveringsløyve frå kommunen. Ein serveringsstad er ein stad der det vert servert mat og/eller drikke, og lokalet er lagt til rette for å ete på staden. 

Når treng du serveringsløyve?

  • Du treng serveringsløyve om du skal starte ein serveringsstad der det skal serverast mat og/eller drikke. Skal du servere alkohol må du i tillegg ha skjenkeløyve. 
  • Har du overtatt ein eksisterande serveringsstad, kan du drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve medan du ventar på at søknaden vert behandla. Dette gjeld i ein overgangsfase på tre månader og berre om bestemte vilkår er oppfylt. 

 

Korleis få serveringsløyve?

  • Dagleg leiar ved serveringsstaden må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve. Løyve vert gitt til selskapet som eig staden. 
  • Serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel.
  • Er det eit eigarskifte, må du søke om eige serveringsløyve seinast 30 dagar etter at du teikna avtale om overtaking. 

 

Når du søker om serveringsløyve må du legge ved:

  • Stadfesting på bestått etablerarprøve
  • Firmaattest
  • Skatteattest
  • Teikning av lokalet inne og ute
Rune Thorsnes
Konsulent
E-post
Telefon 57 78 95 00