Salsløyve for alkohol

Butikkar, bryggeriutsal og spesialforretningar som skal selje alkohol, må søke om salsløyve. Salsløyve gjeld for drikke med høgst 4,7 volumprosent alkohol.

Når treng du salsløyve?

  • Når du skal starte ein butikk med alkoholsal, må du søke om salsløyve. 
  • Når du har overtatt ein salsstad med alkoholsal, må du søke om salsløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader medan du ventar på at din søknad vert behandla. 
  • Løyve for sal av alkoholhaldig drikk gjeld vanlegvis for ein kommunestyreperiode. 
  • Salsløyve gjeld for sal av drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 % alkohol. 
  • Alle salsstader må søkje på nytt kvart 4. år.  

Korleis få salsløyve?

  • Styrar og varastyrar må ha bestått kunnskapsprøva i alkohollova.
  • Styrar og varastyrar må vere over 20 år.
  • Styrar og varastyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling.
  • Alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel.

Du må søkje skriftleg

Skriftleg søknad sender du til Hyllestad kommune, Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad.

Treng du hjelp med søknad, ta kontakt med kommunen.

Nyttig informasjon

Her finn du alkohollova
Her finn du alkoholforskrifta
Her kan du lese Hyllestad kommune sin rusmiddelpolitiske handlingsplan
Her kan du lese om politisk avgjerd om sals- og skjenkeløyve i kommunen 2020 - 2024
Hyllestad er "Av-og-til" kommune, her kan du lese om kva det betyr.

Rune Thorsnes
Konsulent
E-post
Telefon 57 78 95 00