Kunnskapsprøve i alkohollova

Det er to typar kunnskapsprøver. Ei for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub. Skal du vere skjenkestyrar eller varastyrar for ein stad med sals- eller skjenkeløyve må du ha bestått kunnskapsprøva, og ha fylt 20 år.  

Gjennomføring av prøve

Prøva består av 30 spørsmål med alternativ og for å få bestått må du ha 24 rette svar.
Prøvetid er 60 minutt, og om du ikkje består fyrste gong kan du avtale tid for nytt forsøk. 
Pris for å ta prøva er 400 kroner kvar gong. 

Ta med gyldig legitimasjon når du skal avlegge prøva. Alle som består kunnskapsprøva får eit prøvebevis som  dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollova. Beviset er gyldig på ubestemt tid.                                                                               

Kva lover og forskrifter må eg lese, og kor finn eg det?

Kor kan du ta prøvane?

Prøvane tek du på kommunehuset i Hyllestad. Ta kontakt med postmottak på epost eller telefon 57 78 95 00 for å bestille tid for prøve.

Rune Thorsnes
Konsulent
E-post
Telefon 57 78 95 00