Etablerarprøve for serveringsstad

Den som skal vere dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått etablerarprøva, og ha fylt 18 år.

Gjennomføring av prøva

Prøven er ein fleirvalsprøve på 90 minuttar og du må svare rett på 40 av 50 spørsmål. 
Prøven må du ta på norsk, det er ikkje høve til å ta med tolk eller bruke ordbok. Du kan ta med lovsamling.

Ta med gyldig legitimasjon (pass, id-kort eller førarkort).

Prøvebevis

Alle som består etablererprøven får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid. 

Kvar kan du ta prøva?

Prøva tek du på kommunehuset. Ta kontakt for å avtale tidspunkt, kontaktinfo finn du nederst på sida.

Kva kostar det?

Det kostar kr 400,- å ta prøva.
Om du er uheldig og ikkje består prøven, er det berre å prøve på nytt.  OBS at det kostar kr 400,- for kvar prøve.

Kva er pensum?

Det kan vere lurt å lese gjennom læreheftet før du tek prøva. 

Kjøp pensum og tilgang til test for prøven her

Lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven)

 


 

Rune Thorsnes
Konsulent
E-post
Telefon 57 78 95 00