Dans
Dans er i aldersbestemte grupper for elevar i grunnskule og vidaregåande skule-alder. Det er hovudfokus på rytmisk dans, glede og meistring.
På dansetreningane jobbar vi med ulike øvelsar for å bli ein betre dansar og koreografiarbeid. Alt du treng for å bli med på dans i kulturskulen er bevegelege klede og ei flaske vatn. Her er det dans på ope nivå og du treng ikkje ha danseerfaring frå før.
Vi har fokus på samarbeid, samhald, og å styrke kvarandre som gruppe. Kom som du er, vi har plass til alle, og ønskjer å gi alle ei kjensle av meistring og gode opplevingar!
Tilbodet føl skuleruta og har anbefalt alder frå og med 2. klasse. Elevane får tilbod om å delta på danseshow gjennom året.
Musikk
Vi har undervising på ei rekke instrument og song. Det inkluderer bandinstrument, messinginstrument, samt nokre fleire. Vi har også songundervisning både individuelt og saman med andre.
Tilbodet føl skuleruta.
Visuell kunst
Visuell kunst er ein kreativ møtestad ved kulturskulen. I grupper eksperimenterer vi med form, farge, format og ulike teknikkar innan frihandsteikning, maling og trykk. Gjennom timane har vi fokus på at elevane skal få utvikle personlege evner og stimulere lysta til å utforske nye uttrykksmåtar. Vi vekslar mellom konkrete og litt friare oppgåver.
Tilbodet føl skuleruta og har anbefalt alder frå og med 2. klasse. Arbeida til elevane vil bli synt fram ved utstillingar undervegs i kulturskuleåret.
Lys og lydteknikk
Vi ynskjer å ha eit prosjektbasert tilbod for dei som vil å lære om korleis lys og lydteknikk blir brukt på konsertar, danseshow, teater med meir.
Vi vil knytte det opp til faktiske framsyningar der du får delta på førearbeid og gjennomføring.
Teater
"Utforsk den magiske verda av teater!
I teaterundervisninga våre får elevane høve til å bruke fantasien, utvikle kreativiteten og oppdage nye måtar å uttrykke seg på. Det spelar inga rolle om du aldri har prøvd teater før – dette er ein plass der alle er velkomne. Gjennom leik og teateraktivitetar jobbar vi med å styrkje sjølvtillit og samarbeid, alt i eit miljø fullt av glede og fellesskap."
Fordjupning
Vi har eit fordjupingstilbod i lag med Sunnfjord, Kinn, Høyanger og Solund kommunar. Det er for dei elevane som er spesielt interesserte og motiverte.
Det er Sunnfjord kommune som administrerer dette tilbodet, og p.t. er det tilbod innan visuell kunst og musikk.
Sunnfjord kommune om fordjupning - UNG Vestland
Søknadsskjema
Lenkje til meir informasjon om tilboda og søknadsskjema