Kulturelt innslag frå kulturskulen?

 Ynskjer du å få eit kulturelt innslag frå elevane til kulturskulen?   

  • Då ynskjer vi førespurnad minst ein månad før, helst tidlegare. Elevane treng tid på å øve inn og bli førebudde.   
  • Vi har elevgrupper på dans, musikk, kunst og teater.  
  • Tilbodet er gratis, men vi vil at det blir opplyst frå arrangør at elevane er frå kulturskulen. 
  • Det er også fint med ei lita merksemd til elevane som framfører. Det kan f.eks. være ein blome, sjokolade eller eit lite gåvekort.   

 

Fyll ut punkta under, og send på e-post til rektor Mats.Systaddal@hyllestad.kommune.no

  • Kva er dato for arrangementet?
  • Kva er omlag klokkeslett?
  • Kvar skal det vere?
  • Kan du kort beskrive arrangementet?
  • Kor langt kulturelt innslag ynskjer de?
  • Telefonnummer og e-postadresse til ansvarleg kontaktperson?
  • Står det noko relevant teknisk utstyr står hjå dykk?  
  • Andre ting du vil nemne?  

 

PS:

  • Om bestiller er ein kommunal eller ein frivillig aktør kan kulturskulen om mogleg hjelpe til med lyd/teknisk. 
  • Om bestiller er ein kommersiell aktør, ynskjer vi at dei sjølv ordnar med lyd/ teknisk, men vi kan hjelpe med å finne ut kva de treng. 
Mats Willemoès Systaddal
Kulturskulerektor
E-post
Mobil 97 46 06 97