Om kulturskulen
Kulturskulen tilbyr undervisning i musikk, dans, teater og visuelle kunstfag. Undervisninga har som mål å fremje kreativ utvikling, meistringsglede og livslang læring. Kulturskulen sin visjon er “oppleve, skape, meistre”.
Kulturskulen i Norge legg vekt på skaparglede, individuell utvikling og samarbeid, utan press frå eksamen eller nivåprøver. Her får elevane utfalde seg i eit trygt og inspirerande miljø, der kunst og kultur blir ei positiv oppleving. Målet er ikkje raske resultat eller konkurranse, men å dyrke glede, meistring og kreativ vekst.
Forventingar til kulturskulen
Kulturskulen forpliktar seg til å:
- Gje kvalifisert undervisning tilpassa alder og nivå.
- Skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
- Inspirere og motivere elevane til å utvikle seg kunstnarleg og kreativt.
- Ha god kommunikasjon med føresette om elevane si utvikling.
Forventingar til elevane
For å få eit godt utbyte av kulturskuletilbodet bør elevane:
- Møte opp til undervisning og vere førebudde.
- Øve jamleg for å utvikle ferdigheitene sine.
- Ta vare på utstyr og instrument lånt av kulturskulen.
- Syne respekt for lærarar og medelevar.
Forventingar til føresette
Føresette spelar ei svært viktig rolle i å støtte barnet si utvikling i kulturskulen. De kan bidra ved å:
- Oppmuntre barnet til å delta aktivt og øve heime.
- Syte for at barnet møter opp til timane, meld i frå om fråvær.
- Vere i dialog med lærarane om framgang og eventuelle utfordringar.
- Respektere kulturskulen sine retningsliner og rutinar.
Påmelding og betaling
- Alle må melde seg på via kommunen si heimeside
- Elevplassen er bindande for eitt semester om ikkje anna er avtalt.
- Undervisninga er delvis finansiert av kommunen, men føresette betaler ein eigenandel per semester.
- Faktura vert send ut frå Hyllestad kommune ein gong pr semester.
Inkludering og tilrettelegging
Kulturskulen ønskjer å vere ein inkluderande arena for alle born og unge. Vi oppmodar føresette til å informere oss om eventuelle behov for tilrettelegging, slik at vi kan finne gode løysingar saman.