Idrettsbana

Idrettsbana er eit ope anlegg for aktivitet og idrett. Her finn du fotballbane med kunstgras, løpebane, tennisbane og volleyballbane.

 

Kva finst på anlegget?

  • Fotballbane med kunstgrasdekke (frå 2012)
  • Løpebane
  • Tennisbane
  • Volleyballbane

Det er òg tilrettelagt for andre fritidsaktivitetar i området rundt idrettsbana. Det er kort veg til klatreparken ved Hyllestad skule.

 

Kven kan bruke anlegget?

Idrettsanlegget er ope for alle.

 

Når er det mest aktivitet?

Det er stor aktivitet på bana i sommarsesongen, med mange tilbod for barn og unge i ulike aldersgrupper. Det er som regel plass til alle som ønskjer å bruke anlegget.