Velkomen til Hyllestadhallen!

I Hyllestadhallen kan vi møtast i eit fellesskap for fysisk aktivitet, idrett, kultur og opplæring.

Idrettshall

Idrettshallen er merka opp for dei aller fleste ballaktivitetar, også badminton og tennis. Den kan delast i tre delhallar som kan leigast enkeltvis. I treningssenteret er det topp utstyr for styrketrening og spinning. I 2. høgda finn vi biljardsalen, klubblokale, kantine, kulturskule og skule.

Den midterste delhallen kan riggast om til kultursal med tribune og scene.

Kjernetid for utleige er mellom kl. 17.00 og 22.00 alle kvardagar. 

Faste aktivitetar i Hyllestadhallen (PDF, 173 kB)

Prisar for leige av Hyllestadhallen:

 

Treningssenter

Treningssenteret kan nyttast mellom klokka 06:00 og 23:00 alle dagar. Aldersgrense for bruk av treningssenter er 15 år (frå og med 10. klasse).

Brukarar under 18 år skal ha underskrift av føresette for å bruke treningssenteret.

For å bestille nøkkelkort og abonnement,  ta kontakt med Hyllestad kommune.

Send e-post til Hyllestad postmottak

Eller så kan du ringe 577 89 500.

Abonnement, treningssenter:

Medlemer i Hyllestad Idrettslag får halv pris på treningssenteret.

Hildegunn Hatlem
Kommunalsjef
Oppvekst, kultur og idrett
E-post
Telefon 57 78 95 03
Mobil 95 88 99 97
Rune Thorsnes
Konsulent
E-post
Telefon 57 78 95 00