Dans

Dans er i aldersbestemte grupper for elevar i grunnskule og vgs alder. Det er hovudfokus på rytmisk dans, glede og meistring.

 På dansetreningane jobbar vi med ulike øvelsar for å bli ein betre dansar og koreografiarbeid. Alt du treng for å bli med på dans i kulturskulen er beveglige klede og ei flaske vatn. Her er det dans på ope nivå og du treng ikkje ha danseerfaring frå før.

Vi har fokus på samarbeid, samhald,og å styrke kvarandre som gruppe. Kom som du er, vi har plass til alle, og ønskjer å gi alle ei kjensle av meistring og gode opplevingar! 

Tilbodet føl skuleruta og har anbefalt alder frå og med 2.klasse. Elevane får tilbod om å delta på danseshow gjennom året.

 

Meir informasjon og søknadsskjema via SpeedAdmin

Mats Willemoès Systaddal
Kulturskulerektor
E-post
Mobil 97 46 06 97