Gratis brukarutstyr
Ei rekkje smittsame sjukdomar kan overførast mellom menneske med blod- og blodprodukt. Dei mest kjende er HIV, Hepatitt B og C.
Hyllestad kommune har ei ordning med gratis og lett tilgjengeleg brukarutstyr for injiserande stoffmisbrukarar som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen. Det er god vitskapleg dokumentasjon for den smitteførebyggjande effekten av å dele ut sterile sprøyter, kanyler og røykefolie. Tilgang til røykefolie gjer at heroin kan røykast i staden for injeksjon. Dette minimerar faren for blodbåren smitte og overdose.
Sterile sprøyter og sprøytespissar, røykefolie (aliminiumsfolie), reinseserviett og ein behaldar for brukte sprøytespissar vert delt ut gratis:
- Mandag - fredag 08.00 - 15.30 ved Hyllestad legekontor
- Utanom opningstida ved Hyllestad omsorgssenter, Sørbøvåg.
Gratis vaksine
Hyllestad kommune tilbyr gratis vaksine mot hepatitt B (og A) for injiserande stoffmisbrukarar, dersom ein ikkje er smitta frå før. Aktuelle personar kan ta kontakt med legekontoret eller helsestasjon for ungdom.
Rådgjeving, undersøking og behandling
HIV/Aids, Hepatitt B og C (m.m.) gjeld som "allmennfarleg smittsam sjukdom", jf. smittevernlova: "Den som det etter en faglig vurdering er grunn til å anta er i fare for å bli smittet med en allmennfarlig sykdom, har rett til medisinsk vurdering, utredning og behandling som dekkes av folketrygden".
Med andre ord - rådgjeving, undersøking og behandling er gratis for vedkomane.
- Injiserande stoffmisbrukarar kan ta ein blodprøve for å finne ut om dei er smitta av HIV, Hepatitt B eller C. Ta kontakt med legekontoret.
- Personar som er smitta med kronisk Hepatitt C kan få adekvat og tilrettelagt behandling. Ta kontakt med fastlegen/legekontoret, smittevernlegen eller helsestasjon for ungdom i Hyllestad - det finst god behandling!
Om du har spørsmål - ta kontakt med legekontoret på telefon 57 78 95 20.
Ved overdose eller behov for akutt helsehjelp - ring naudtelefon 113 eller legevakt 116117.
Nyttige lenkjer/snarvegar
Lenke til Akan – Arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk
Lenke til Anonyme Alkoholikere
Lenke til den landsdekkande brukarorganisasjonen på rusfeltet - RIO
Lenke til Rustelefonen
Snarveg til andre hjelpetelefonar og nettstadar